Betlehem, du vesle by
 
Av Jon Einar Kvåle
 
Desember 2018

Når no jula nærmar seg, skal me mellom anna syngja: «Eit barn er fødd i Betlehem». Så eg vil gjerne ta litt fokus på denne byen. Byen har, i følgje Bibelen, to namn: Betlehem og Efrata. Han ligg ca. 10 km sør for Jerusalem. Det vil seia at du kan gå frå Jerusalem på ca. to timar. Det er ein liten by. Det kan du lesa i Mika 5,1: «Men du Betlehem, Efrata, som er liten til å vera mellom dei tusen i Juda!»

Betlehem blir nemnt mange gonger i Bibelen. Den første store hendinga som må nemnast, er då Samuel drog opp til Isai for å salva ein av sønene hans til konge. Då hadde kong Saul blitt vraka av Gud, sjølv om han enno var konge. Samuel skulle då salva den som skulle bli konge etter Guds hjarta. Han får beskjed om å salva ein av sønene til Isai.

Isai lar først Eliab stiga fram for Samuel. Han ser Eliab. Tenkjer med seg sjølv: «Sanneleg, den Herren har salva, står no her for Herren!» Men han får ikkje ha den tanken i fred. Herren bryt inn i tankane hans og seier: «Eg ser ikkje på det menneske ser på, for menneske ser på det som fell i augo, men Herren ser til hjarta.» Så stig Abinadab fram, så Samma, og til saman sju søner. Men Samuel, som har tett kontakt med Herren, kan ikkje salva nokon av dei. Samuel har då ikkje fått gjort det han kom for. Så han må spørja Isai om han ikkje har fleire søner. Får til svar at minstemann, David, er ute og gjeter sauene. Så må David hentast. Då David kjem, får Samuel beskjed om å reisa seg og salva han.

Det som skjer, viser ei side ved Gud som ein må kjenna til: Han vel seg ut ein liten by, og ein gutunge i byen. Kjenner du Bibelen, veit du at det tok noko tid før David vart Israels konge. Men Samuel skulle likevel salva han medan han var ein ung gut. Me veit vidare at han var den som slo Goliat medan han enno var ung. Og som vaksen vart han den kongen som «gjorde Israel stort», for å bruka eit moderne uttrykk.

Difor fekk Betlehem eit tilnamn, Davids-byen. For av alle dei som var fødde i Betlehem fram til Mika skreiv profetien, var David den største. Så stor at dei som slekta etter David, visste det. Dei var jo av kongeslekt! Det var også Josef og Maria. Og for at Mika sin profeti skulle gå i oppfylling, måtte keisar Augustus setja i gong den store folketeljinga i Romarriket. Så både liten og stor kan vera nødvendig for at Gud skal få gjort det Han vil!
Så når me tenkjer på Betlehem i jula, er det ikkje fordi kong David var fødd der, men på grunn av ein heilt anna fødsel: Jesus, Guds Son, vart fødd der. Og det er grunnen til at me feirer jul. I alle fall for oss som trur. Ja, julafta er den dagen i året då flest nordmenn går i kyrkja. Og i juleevangeliet frå Lukas får dei då høyra om Betlehem.

Kvifor skulle Jesus bli fødd i Betlehem? Først og fremst fordi Gud hadde forutsagt det hos profeten Mika. Men òg fordi Gud valde seg ut denne vesle byen. Og at Sonen skulle fødast, fekk profeten Jesaja openberra: «For eit barn er oss født, ein son er oss gjeven.» (Jes 9,6a) For Gud har sin eigen måte å gjera ting på. Han ser ikkje på folk slik menneske gjer, som Samuel fekk vita. Gud gjer som Han vil, og godt er det. I 1 Kor 1,27-29 skriv Paulus: «Men det dåraktige i verda, det valde Gud seg ut for å gjera dei vise til skammar. Og det som er veikt i verda, det valde Gud seg ut for å gjera det sterke til skammar. Det som er lågt i verda, det som er vanvørdt, det valde Gud seg ut, det som ingen ting er, for å gjera til inkje det som er noko - for at ikkje noko kjøt skal rosa seg for Gud.» Både utveljinga av ungguten David, utveljinga av Betlehem og Jesu fødsel som ein liten baby, fell godt inn i det Paulus skriv her.

Så sjølv om Betlehem er ein liten by i Juda, sjølv om David var minstemann i søskenflokken, og sjølv om eit menneske kan kjenna seg liten og ringe, så er det nettopp slik Gud vel. Gud vil at alle menneske skal bli frelst. Anten det er store eller små. Men han balanserer ut skilnadene mellom menneska med å velja ut slik. I Rom 2,11 slår Paulus fast: «For Gud gjer ikkje skil på folk.» Så liten og stor, høg og lav, sterk og svak, alle er elska av Gud. Han gav Sonen til soning for alle synder. Og trua på Han er det som gjeld. Trua er enklare for dei små enn for dei store, for dei lave enn for dei høge, og for dei svake enn for dei sterke. For dei som er så mykje i seg sjølve, kan bli så store i eigne augo at dei trur dei ikkje treng Gud.

Den vesle byen Betlehem, der den vesle babyen Jesus vart fødd, er ein så vakker historie at mange likar den. Men det er meir enn det. Det er Guds veg til frelse, slik det kunne og måtte gjerast.
Så la oss takka Gud og feira jul med glede og fred! God jul!

Jon Einar Kvåle
 
 
 
 

Norske Pinsevenners arbeid i Israel (NPAI) Stiftelsen Beit Betania, Org. No. 885825702
Postboks 179 Sentrum, 0102 Oslo. E-post:
post@npai-pym.no
- Redaktør og Webmaster: Torolf Karlsen